| Olav Mosdøl |
| hovudside omtale bøker lyd/CD manus dikttavler aktuelt |
| English page |
|
1993 2001 2002 2003 |
Kvinner som liknar eit regn, dikt Labyrinten, spel Den kvite reinen, eit dramatisk dikt Vår Herres rune, suite |
2003 2006 2007 |
Suite til Siljustøl, suite Fest for Teleros, spel Sigrid og Bjørgulv, historisk spel |
|
Kvinner som liknar eit regn (dikt/illustrasjonar)Ferdig: 1993 Statens Håndverks- og kunstindustriskole (SHKS), OsloBoka er ein sentral del av hovudoppgåva til Liv Andrea Mosdøl (SHKS), bygt på 31 kvinnedikt av Olav Mosdøl. Illustrasjonane og tekstene lyfter fram livssyklusen til unge og eldre kvinner frå det fyrste andedrag til den siste maske. Kontakt: · Forfattaren, olav@mosdol.no |
|
Labyrinten (spel)Framføring: 2001 Teatergruppa i Seljord Ungdomslag.Eit samtidsspel om kunstnarkallet og mennesket sine irrgangar. Spelet har tre akter. Bakgrunnsteppet for stykket er "Draumkvedet", som har sine røter i Telemark. "Labyrinten" er framført av teaterlaget i Seljord to gonger med Marit Hamdahl som instruktør (2001 og 2002). Frå omtale: "Konflikter oppstår når ny og gammel tid møtes: Mor - barn, svik - kjærlighet, karriere - egoisme, himmel og helvete er sentrale tema. Et nært samarbeid med forfatter, skuespillere og ikke minst komponist Ragnar Bjerkreim, har gjort dette til en spennende og givende oppgave." (Marit Hamdahl) Kontakt: · Forfattaren, olav@mosdol.no |
|
Den kvite reinen (eit dramatisk dikt)Ferdig: 2002 for Bykle kommuneSpelstykket Den kvite reinen er forma som eit dramatisk dikt i tre akter. Temaet er konflikten mellom naturvern og turistindustri. Handlinga går føre seg Bygde-Noreg kring siste tusenårsskiftet. Store planar om nye kommersielle anlegg står mot vern av fjellvidde og villreintrekk. Når fortid og samtid møtest på ein uheldig måte, kjem folket i smeltedigelen. Menneska må ta stilling til verdiar og identitet. Stykket var tenkt framført av Bykle og Hovden Teaterlag ved 100-års- jubileet for Bykle kommune i 2002. Men ein kom aldri så langt, på grunn av kulturnemndas nedprioritering av temaet. Spelet ikkje framført enno. Kontakt: · Forfattaren, olav@mosdol.no |
|
Vår Herres rune (suite)Ferdig: 2003 Prosjekt gjennom Telemarkkonsertar ASDette er ein suite om Telemarkskanalen som var 111 år i 2003. Opninga lyder: ” Å, denne Skaparens rune: / Lynet over fjellet / og ukvidde lende / så stod ho der / som eit blått øksehogg, / delande landskapet frå aust til vest ...". Suiten inneheld 12 tekster av Olav Mosdøl, halvparten er tonesette av komponist Henrik Ødegaard. Premiere på Telemarksgalleriet AS, Notodden våren 2003. Kontakt: · Forfattaren, olav@mosdol.no |
|
Suite til Siljustøl (suite)Ferdig: 2003 for Siljustøl Musikkskole, BergenSuite om Siljustøl Musikkskole, som feira 20-årsjubileum. Framført i Grieghallen, Bergen, våren 2003. Kontakt: · Forfattaren, olav@mosdol.no |
|
Fest for Teleros (spel).Kontakt: · Forfattaren, olav@mosdol.no |
|
Sigrid og Bjørgulv (historisk spel).Kontakt: · Forfattaren, olav@mosdol.no |
Denne heimesida vart utvikla av Øyvind Berg og Tarjei Myklebust i 2006. Justert i april 2008. |
|